Gardshus
Gardshuset er eit hus frå 1800-talet, men er oppussa og modernisert. Huset ligg ca. 100 meter frå sjølve campingplassen midt i eit gardstun. Det er ca 80m² stort, og har 7 sengeplassar. Det inneheld kjøkken, stove, 3 soverom og eit bad.
Eit av soveromma er i første etasje saman med kjøkkenet, stova og badet. Dette soverommet har ei køyseng. Dei to andre soveromma er i andre etasje, der det er ei dobbelseng på det eine rommet, og ei dobbelseng og ei enkelseng på det andre rommet. Badet er enkelt innreda med toalett og dusj.
Gardshuset er utstyrt med dyner og puter til 7 personar. Er det ønskelig med sengetøy kan det leigast.
Kjøkken:
- Kjøkkenbord og stolar til 7 personar
- Frys/kjøleskap
- Oppvaskkum
- Steikeovn
- Kaffetrakter
- Koppar og kar til 7 personar m.m.
Bad:
- Wc
- Dusj
- Vask
Stove:
- Peis
- Sofa og stoler til 7 personar
- Tv
Soverom 1:
- Dobbelseng
- Klesskap
- Nattbord
Soverom 2:
- Dobbelseng
- Enkelseng
- Klesskap
- Nattbord
Soverom 3:
- Køyseng
- Klesskap
- Nattbord






